no

Overnatting

På Vangsgaarden er ingen rom like. Kvart rom har sin eigen sjarm - med utsikt mot fjorden, fjella eller den flotte hotellhagen rundt Aabelheim


Book online

Book dirkete via e-post: booking@vangsgaarden.no


Enkeltrom 

Enkeltromma har utsikt mot hotellhagen og ærverdige Aabelheim.

Alle enkeltromma har sitjehjørne og TV.


Dobbeltrom 

Dobbeltromma er fordelte mellom hotellfløya og Aabelheimshagen. Dobbeltromma har utsikt mot hotellhagen.

Dobbeltromma har dobbeltseng, TV, sitjegruppe og eige bad.

(OBS! Nokre av romma er i 2.etg, det er ikkje tilgang til heis) 


Superior rom

Superior romma er dei største romma vi har. Alle superior romma har nydeleg utsikt mot mektige Aurlandsfjorden.

Desse romma er perfekte for familiar på tre eller for dei som ønskjer litt meir plass.

(OBS! Nokre av romma er i 2etg, det er ikkje tilgang på heis)


The view - Deluxe rom 

Vårt deluxe-rom, The View, er ei rorbu som er innreidd som hotellrom. Dette rommet byr på balkong over fjorden, kaffimaskin, bad og dobbeltseng med utsikt mot eit av Noregs mest kjende reisemål: Sognefjorden. Her kan ein liggje i senga og nyte utsikta mot fjordar og fjell. Verdt eit besøk!


Sjølvbetjent rorbu

Rorbuene på Vangsgaarden ligg rett under hotellfløya, ved Aurlandsfjorden. Rorbuene våre har balkong mot fjorden. Rorbuene har kjøkken, dobbeltseng, hems med to sengeplassar, bad, TV, sofa og parkering.  Sengetøy er inkludert i prisen. Frukost er ikkje inkludert. 


Deluxe Rorbu 

Deluxe rorbuene har balkong over den fantastiske Aurlandsfjorden med utsikt mot fjord og fjell. Rorbuene har kjøkken, dobbeltseng, hems med to sengeplassar, bad, TV, sofa og parkering. 

Sengetøy og frokost er inkludert i prisen. 

Leilegheiten 

Leiligheiten er lokalisert i huset i toppetasjen på Annekset, eit rødt hus ved Aabelheim hagen.
Leiligheiten har privat balkong mot den fantastisk utsikt mot Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen. Leiligheiten har kjøkken, stor stove, TV, soverom og bad. 


(OBS! Ingen heis.)