Historie

Vangen Motell

Omkring 1770 bygde kaptein Juell ein bustad på eigedommen som seinare vart Wangen Hotell. I 1849 vart huset selt til Knut Rosendahl, som dreiv med fiske og etter kvart forretning på Aurlandsvangen. I 1853 selde han eigedommen og landhandelen til Hans Johannes Brun, som la grunnlaget for hotelldrift, handel, post og skipsekspedisjon på Vangen. Om somrane strøymde turistane til Aurland. Særleg var det mange engelske laksefiskarar. I 1886 døydde Brun, og eigedommen vart seld til Ellend Wangen. Han og kona Stina dreiv hotellet med suksess like fram til etter andre verdskrigen, under namnet Wangen Hotell. Ola Wangen overtok hotellet og handelsdrifta, og dreiv fram til slutten av 1960-åra. Då vart hotellet stengt, mellom anna på grunn av manglande brannsikring. I 1975 vart staden opna att etter modernisering, denne gongen som motell. I tillegg vart det bygd rorbuer nede ved fjorden.

Aabelheim

Aabelheim vart bygd på eigedommen av oberst Meidell i 1750-åra. I 1830 vart eigedommen seld til prest Ole Aabel, som bygde nytt hovudbygg. Slekta vart buande i huset til omkring 1900. Frå den tida fram til 1942 er det uvisst kven som budde i huset, men i 1943 starta Anna Jordal pensjonat her under namnet Aabelheim Pensjonat. Staden vart populær blant sportsfiskarar, blant dei mange norske skipsreiarar. Velståande utanlandske turistar var òg flittige gjester. Son til Anna Jordalen, Ingmund Stigen, overtok staden tidleg på 1970-talet. Etter kvart som det gjekk dårlegare med fisket i Aurlandselva utover på 1980-talet, var det vanlege turistar som vart gjester ved pensjonatet. Aabelheim er i dag freda av Riksantikvaren.


Vangsgaarden

I 1992 vart selskapet Vangsgården AS (Vangsgaarden Gjestgiveri) stifta. Astrid Ohnstad og Arvid Stigen har sidan den gongen drive Aabelheim og Vangen Motell saman under dette namnet. Dei

har bygd nye hytter ved fjorden, pussa opp dei fleste av bygningane på tunet og utvikla bedrifta heilt fram til i dag. I 2018 står den siste store utbygginga ferdig - med nokre nye hotellrom, renovering av hotellfløya, tre nye rorbuer og overbygd uteservering med panoramautsikt mot det mektige fjordlandskapet.