Ledige stillingar

Me har to ledige stillingar for sommarsesongen 2021. 


Vangsgaarden Gjestgiveri søkjer assisterande kokk til Gastropub.

Me søkjer etter ein kokk - assistent til vår Gastropub for sommarsesongen 2021. Me ynskjer deg som likar travle dagar med matproduksjon for våre gjester.

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring som kokk frå restaurant eller liknande.
  • Kan lage hovudrettar, deserter og forrettar.
  • Likar å jobbe i eit høgt tempo
  • Samarbeidsvillig, som kan assistere også med oppvask
  • Kan snakke engelsk.
  • Ha lagånd, pålitelegheit og omtanke for sine medarbeidarane


Me kan tilby alle våre medarbeidarar:

  • Gratis plass å bu for sesongen.
  • Trygg og god arbeidsplass med varierande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utfordringar, og kreativitet på kjøkkenet.

Om arbeidsgivar

Vangsgaarden Gjestgiveri ligg heilt innerst i Sognefjorden, i ei lita bygd som heiter Aurland. Vangsgaarden er driven av familien Ohnstad-Stigen, som har teke vare på tradisjonar som strekker seg tilbake til 1700-tallet. Her har me teke vare på ny og gamle gjester i generasjonar.

Vangsgaarden Gastropub har servert mat sidan 1993. Me jobbar tett med norske leverandørar og ikkje minst lokale leverandørar. Dette gjer at vi har gode mogelegheiter for å presentere ein del av tradisjonane til Vangsgaarden og Aurland også på matfatet.

Send din søknad og CV til gastorpub@vangsgaarden.no 

Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt på telefon 576 33 580, eller send e-post.

Søknadsfrist: Snarast 


Vangsgaarden Gjestgiveri søkjer reinholdar.

Me ser etter deg som er positiv, effektiv og har auge for små detaljar, som kan bidra med godt reinhald for sommarsesongen 2021.

Arbeidsoppgåver:

  • Reingjering av hotellrom, rorbuer, restaurant samt fellesområde.
  • Følgje retningslinjer innanfor Helse, miljø og sikkerheit (HMS) og gjeldande Covid-19 krav.
  • Bidra positivt og ha kontroll på eige arbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Har erfaring med reinhald frå hotell eller tilsvarande før.
  • Du må kunne gjere deg forstått på engelsk

Kva me kan tilby:

  • Gratis plass å bu for sesongen.
  • Trygg og god arbeidsplass
  • Varierande arbeidsoppgåver.

Om arbeidsgivar

Vangsgaarden Gjestgiveri ligg heilt innerst i Sognefjorden, i ei lita bygd som heiter Aurland. Vangsgaarden er driven av familien Ohnstad-Stigen, som har teke vare på tradisjonar som strekker seg tilbake til 1700-tallet. Her har me teke vare på ny og gamle gjester i generasjonar.

Vangsgaarden Gjestgiveri er eit lite hotell med 23 rom, 8 rorbuer og 1 leilegheit.

Vangsgaarden består av 3 sentrale hus, hovudhotellet, Gastropub og Aabelheim. Kvart hus har sin unike i historie som me ynskjer å dele med resten av verda. Alle husa er freda av riksantikvaren.

Send din søknad og CV til post@vangsgaarden.no 

Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt på telefon 57 63 35 80, eller send e-post.

Søknadsfrist: Snarast 

Kontakt 

E-post: 
post@vangsgaarden.no

gastropub@vangsgaarden.no

Tlf: 576 33 580